Hytte i “byen”

Tomtene ligg sørvendt og særs solrikt, på rekkje på eit sørvendt høgdedrag. Alle tomtene er vurdert til å være like strålande fine og har utsikt mot Litlevatnet, klungeren, Kjelstadnakken, Blomfjellet og elles 360 graders panorama. Tomtene ligg om lag 400 m frå Digernesvatnet naturreservat, 10 km frå Førde Rådhus. 

tomtekart hyttefelt.jpg

Tomtene ligg i eit nyregulert område, med storleik frå om lag 600 til 800 m2, og med ei utnyttingsgrad på maks 20 % BYA (Maks BYA=100m2).

Det er lagt fram straum, veg, vatn og avløp til tomtegrensene. Førde kommune har prioritert utbygging av fiber i Sundsdalen, og det er lagt fram trekkerør for fiber til kvar tomt. Fiber kjem på plass hausten 2019. Tomtene ligg på eit relativt flatt høgdedrag. Dei er soleis særs enkle og rimelege å opparbeide. 

Digernesvatnet er freda som naturreservat, fuglefredning, med eit rikt dyre- og fugleliv. I tillegg er det eit framifrå vatn for sportsfiske. Siste vintrane har der lege fin skøyteis på vatnet, noko som har vore veldig populært. 

I tillegg til kjøpesum kjem 2,5 % dokumentavgift, kostnad med deling og oppmåling av tomtene, gebyr for tinglysing av skøyte (525,-).

 
 
 

Adkomst:

12 min i bil frå Førde rådhus. Avkøyring frå E39 ca. 6 km aust for Førde sentrum ved Sunde mot Sundsdalen, vidare 4 km opp til Digernesvatnet. Tomtene ligg ca. 350 moh og grensar til Digernesvatnet naturreservat.

Tomtestorleik:

0,6 til 0,8 mål

Pris:

Kr 480.000,- (Intropris for dei 3 første tomtene)

 
jølster bygg blå.jpg
logo.jpg
ai.jpg
CAVERION_LOGO_BLUE_CMYK.jpg