Bu midt i naturen

Tomtene ligg sørvendt og særs solrikt, på rekkje på eit sørvendt høgdedrag. Alle tomtene er vurdert til å være like strålande fine og har utsikt mot Litlevatnet, klungeren, Kjelstadnakken, Blomfjellet og elles 360 graders panorama. Tomtene ligg om lag 400 m frå Digernesvatnet naturreservat, 10 km frå Førde Rådhus. 

tomtekart bustad lite.jpg

Tomtene ligg i eit nyregulert område, med storleik frå om lag 1500 til 2000 m2, og med ei utnyttingsgrad på maks 20 % BYA. Dette gjev rom for store einebustader stall, uthus og kva ein elles måtte ynskje.

Anleggsarbeidet var ferdig hausten 2018 og første huset er no innflytt. Andre huset er planlagt oppført våren 2019, og med innflytting til sommaren.

Det er lagt fram straum, veg, vatn og avløp til tomtegrensene. Førde kommune har prioritert utbygging av fiber i Sundsdalen, og det er lagt fram trekkerør for fiber til kvar tomt. Fiber kjem på plass hausten 2019. Tomtene ligg på eit relativt flatt høgdedrag. Dei er soleis særs enkle og rimelege å opparbeide. 

Pr 1.8.2019 er det seld 5 tomter slik det går fram av kartet. Det er soleis 5 ledige tomter i feltet, og alle ligg fritt og sørvendt til. Storleiken på tomtene varierer mellom 1,5 til 2 mål, og går fram av vedlagt plankart. Ingen binding til leverandør av hus, entreprenør eller liknande!

I tillegg til kjøpesum kjem 2,5 % dokumentavgift, kostnad med deling og oppmåling av tomtene, gebyr for tinglysing av skøyte (525,-).

 
 
 

Adkomst:

12 min i bil frå Førde rådhus. Avkøyring frå E39 ca. 6 km aust for Førde sentrum ved Sunde mot Sundsdalen, vidare 4 km opp til Digernesvatnet. Tomtene ligg ca. 350 moh og grensar til Digernesvatnet naturreservat.

Tomtestorleik:

1,5 til 2 mål

Pris:

Frå kr 800.000,-

 
JB-Logo.png
logo.jpg
ai.jpg
CAVERION_LOGO_BLUE_CMYK.jpg