Aktivitetar for heile familien

Digerneset er eit godt utgangspunkt for mange aktivitetar til alle årstider. Her har du Kjelstadnakken, Blomfjellet og Hafstadfjellet rett ut forbi stoveglaset med forskjellig lengde turalternativ som passar for alle aldrar og aktivitetsnivå. Lysløypa er tilrettelagt for sommartur, det er Zip-line, naturmøteplass, fotballbane og leikeplass i tilknyting til lysløypa.

Vidare vert det jobba med utviding av løypenettet, og tilrettelegging for sykling. Digernesvatnet er freda som naturreservat, med eit rikt og sjeldant fugleliv. I tillegg er det eit framifrå vatn for sportsfiske. Siste vintrane har der lege fin skøyteis på vatnet, noko som har vore veldig populært.

Her kan ein reise på Reinsdyrsafari i området Blomfjellet – Kjelstadnakken, støylsturar til Brulandstøylen, Viastøylen, Kvanndalstøylen, med fleire. Ein kan padle i kano, sykle på gode vegar og stiar, gå tur til fots og på ski, ta lange turar eller korte turar, med andre ord eit nydeleg utgangspunkt for ein aktiv familie som likar å komme seg ut i naturen. I tillegg ligg feltet så nært Førde by, golf- og alpintanlegget på Jølster og breane i Jølsterfjella at det er noko for einkvar sin smak.

 
 
 
jølster bygg blå.jpg
logo.jpg
ai.jpg
CAVERION_LOGO_BLUE_CMYK.jpg