DIGERNES HYTTE OG BUSTADOMRÅDE
 

Sjå vår brosjyre:

12 min frå Førde rådhus kan du

bu midt i naturen

 
Digernesvatnet.jpg

Digernes hytte og Bustadområde

Turterreng i alle himmelretninger

Tomtefeltet ligg om lag 400 m frå nyetablert lysløype (1,5 km). Like før jul fekk Sunde Krins Grendalag på plass løypemaskin med fres og sporsettar. Lysløypa og området rundt er i stadig utvikling og det blir køyrt løyper i området rundt tomtene og på Digernesvatnet, i regi av laget. Alt etter føreforhold vert det køyrt mellom 10- 20 km løyper, og dette er berre starten. Det vert køyrt løype på Digernesvatnet når tilhøva tillet dette og sløyfa her er opp til 10 km. Det er gangavstand til nyetablert naturmøteplass med grindbygg, Zip-line, fotballbane og liknande. Det er sykkelavstand til klatrefelt (Saghamrane) og om lag 20 min (18 km) køyring til golfbane og alpinbakke. Det er turterreng i alle himmelretningar, med kort veg til Hafstadfjellet, Kjelstadnakken, Klungeren, Kvanndalen, Viestølen.

 
 

DJI_0273-Pano.jpg